Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. okt 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Folk har gjeve Arbeidarpartiet tillit til å styra fordi me står for noko trygt, ansvarleg og framtidsretta. Det skal me ta vare på. Noreg er eit industriland, og det skal me fortsetja å vera, men det krev kloke val. Me må sikra at det er føreseieleg for dei som skapar verdiar. Samtidig skal me kutta utslepp, slik me har forplikta oss til. Eg er stolt av å representera Noregs største eksportfylke, men eg er også smerteleg klar over at me står for nokon av dei største utsleppa. Arbeidarpartiet har lagt fram Grønt industriløft og Grøn bok for å visa korleis me skal ta ansvar, kutta utslepp og skapa arbeidsplassar. Dette handlar ikkje om symbolpolitikk; det handlar om industri, eksport og framtidig verdiskaping. Me skal gjera dette på tvers av ulike sektorar. Ta f.eks. Northern Lights på Kollsnes, som har skapt over 900 årsverk – med staten som pådrivar. Langs kysten på Stord, i Bjørnafjorden og på Voss investerer investorar i biogass, grøn skipsfart og batteriteknologi, nettopp med hjelp av statlege verkemiddel. Dette gjev oss nye næringar. Slike prosjekt hadde ikkje vore mogleg med politikken til FrP. Dei kallar CO2-lagring og havvind for sløsing, dei vil fjerna heile verkemiddelapparatet og overlata det til marknaden. La oss vera ærlege: Utan staten, ingen Northern Lights, utan støtte, ingen fart på omstillinga. Omstillinga er på full fart framover. Me ser det innan havbruk, landbruk og olje- og gassnæringa. Me vil ikkje gjera som FrP og gå baklengs inn i framtida. Der FrP skapar usikkerheit, sørgjer me for trygg styring. Arbeidarpartiet spelar på lag med industrien og arbeidsfolk, og me trur på ein stat som stiller krav, men også stiller opp. Det er slik me byggjer framtida. For å kutta klimautslepp er me nøydde til å ta nokre vanskelege val og gjera prioriteringar som skal stå seg over tid, for framtidige generasjonar. Stans i vedteken politikk og utgreiingar fører ikkje til klimakutt. Hovudinteressa til FrP er å stansa alle klimatiltak, men det ville seia at det er kroken på døra for både Vestlandet og industrien i Noreg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat