Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Først vil eg gratulere representanten med komitéleiarvervet, og eg ser fram til samarbeidet, men eg må nok kome med nokre oppklaringar. For det første tek Arbeidarpartiet norsk skule framover. Vi byggjer ein meir praktisk skule, der elevane får bruke både hovudet og hendene, vi har gjeve lærarane tilliten tilbake, dei er igjen sjefen i klasserommet, og vi sørgjer for at elevane skal trivast betre og lære meir. Mens vi gjer det, kva er det FrP, som leiande parti på høgresida, er oppteke av? Jo, det er russebussar. Dei snakkar meir om russebussar enn om barnehagar, lærarar og lærlingar. Då Høgre styrte i åtte år, såg vi kva dei var til for. Resultatet av Høgre-skulen blei ein for stillesitjande, teoritung og skjermbasert skule med svakare læringsresultat. Eg vil gjerne få ei oppklaringa av representanten: Er Høgre no mest einig med FrP, om at det viktigaste er russebussar, eller med Arbeidarpartiet, om at det er læraren som er sjefen i klasserommet, og at elevane skal få moglegheit til å lykkast?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
