Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 13. okt 2025

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg ser gjerne framover, men eg har lært at det er lurt å ta med historia, for ein må jo døme etter kva ein gjorde då ein hadde makta. I dei åtte åra då Høgre styrte, skapte dei ein skule som var for stillesitjande, som var teoritung og skjermbasert, og der det var svakare læringsresultat. Arbeidarpartiet har større ambisjonar for norsk skule. Vi vil gjere han meir praktisk, la læraren vere sjefen i klasserommet og sørgje for at elevane trivst betre og lærer meir. Det høyrest ikkje ut som det er nokon nye tankar frå Høgre, så då kan eg kanskje få eit betre svar om eg spør på ein annan måte: Er Høgre no einig med Arbeidarpartiet i at elevane må lære meir, at læraren skal vere sjefen i klasserommet, og at det er viktigare enn det Framstegspartiet, det leiande partiet på høgresida, meiner er det viktigaste i utdanningspolitikken, nemleg å gå tilbake til sidestilte russebussar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat