Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det viktigaste er tryggleik, tryggleik for barn og unge. Med Arbeidarpartiet i regjering tek vi skule og utdanningspolitikken framover. Vi har fått til veldig mykje, men vi er langt frå ferdige, for det er framleis mange utfordringar å ta tak i. Arbeidarpartiet er på vakt for å auke trivselen i skulen. Elevane skal lære meir og betre, leseferdigheitene skal opp, og skulen skal bli endå meir praktisk. I barnehagen startar livet med læring, tryggleik og fellesskap. Difor må vi ha nok trygge og kvalifiserte vaksne i barnehagen, for kvar einaste unge fortener å bli sett, kvar einaste dag. Fleire skal få lov til å delta i barnehage og SFO. Fellesskapet blir større med Arbeidarpartiet i regjering, og vi har aldri hatt så låg makspris i barnehagen som vi har no. Vi kutta maksprisen i 2024 og fortset å kutte prisen i 2025, saman med SV og Senterpartiet. Det betyr at fleire ungar får ta del i fellesskapet, og at barnefamiliane får meir å rutte med når Arbeidarpartiet styrer. Dette kjem godt med i ei tid der mykje er dyrare og mange barnefamiliar kjenner på ei usikkerheit. Difor er det ikkje lett å skjøne for meg at ikkje alle parti på Stortinget er einige i å halde barnehageprisen låg og føreseieleg. Når ungane går vidare til skulen, skal dei møte ein skule som ser alle, som lyfter dei, og som stiller krav som gjer at alle kan meistre. Som Arbeidarpartiet ofte seier, skal skulen både stille krav og stille opp, for vi veit at læring skjer i møte mellom menneske – ikkje ved tastetrykk, men gjennom samtalar, samarbeid og meistring. Difor satsar vi på ei meir praktisk undervisning, fleire fysiske lærebøker og mindre skjermbruk. Vi vil ha ein skule som gjev ungane våre ferdigheiter for livet, ikkje berre til testen neste veke, og elevane sine leseferdigheiter skal opp. Vi er heldigvis i gang med eit leselyft, der vi òg prioriterer fysiske lærebøker, og at ungane skal lese minst eit kvarter kvar dag. Vi styrkjer fellesskapet. Aldri før har så mange ungar gått på SFO. Vi har innført 12 timar gratis SFO i veka for alle landets første- til tredjeklassingar. Det betyr utruleg mykje for den ungen som før måtte gå heim, men som no får lov til å ta del i fellesskapet saman med ungane i klassen sin. Slik meiner eg vi byggjer eit sterkare fellesskap. Arbeidarpartiet har gjort eit stort lyft for yrkesfaga. Det meiner eg er heilt nødvendig i ei tid der vi treng fleire fagarbeidarar i åra som kjem. I mitt fylke, Møre og Romsdal, søkte over 60 pst. av elevane seg til yrkesfag. Vi er som samfunn heilt avhengig av at vi utdannar fleire med fagbrev som bedriftene våre og kommunane våre treng framover. Tidlegare i år tok regjeringa ei klok avgjersle om å opprette eit nasjonalt senter for yrkesfag, nettopp i Molde i Møre og Romsdal. Det er no opna, og slik kan vi bli betre på yrkesfaga for framtida. Det styrkjer òg næringslivet vårt langs den viktige kysten, der Møre og Romsdal ligg sentralt plassert for å utdanne til leverandørindustri, fiskeri, bedrifter og omsorg, for å nemne noko. Ja, yrkesfaga er ei stoltheit i Noreg. Det gjev oss fagarbeidarar i verdsklasse som byggjer landet kvar einaste dag. På utdanningsfeltet er det litt slik Gro Harlem Brundtland sa det, at alt heng saman med alt. Frå barnehagen til skulen til arbeidslivet handlar det om tryggleik, kunnskap og moglegheiter for alle. Det er det Arbeidarpartiet står for. Vi skal vidare. Vi skal byggje fellesskulen – vi skal ikkje svekkje han. Når vi snakkar om fridom, snakkar vi om fridom for ungane til å lykkast uansett kvar dei bur og kva bakgrunn dei har. Vi skal fortsetje satsinga på høgare utdanning og forsking. Vi skal auke næringslivet sin FoU-del og gjennomføre ein brei kompetansereform for arbeidslivet. Vi satsar på fagskulane, med god politikk og stor opptrapping av kapasiteten. Studentane har fått rekordstor auke i studiestøtta, og vi byggjer rekordmange studentbustader over heile landet. Eg håpar på mange fleire studentar med gode kår, som kan lære godt, og som kan gjere ein god jobb for arbeidslivet framover.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
