Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. okt 2025

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Dette var vel verdt å vente på. Eg har med stor interesse lytta til alle som har teke ordet i dag, og eg vil snakka om kommuneøkonomi. Arbeidarpartiet prioriterer alltid god kommuneøkonomi og har levert historisk godt dei siste åra. Dette er heilt nødvendig for at kommunar og fylkeskommunar kan sikra gode og likeverdige velferdstenester i byar og distrikt. Likevel: Alle veit at det trengst meir, me er ikkje i mål, og difor har eg – og me – store forventningar til nettopp statsbudsjettet. I valkampen lovde me å setja velferd framfor skattekutt til dei rikaste, og det gjer me no i praksis. Dette handlar om meir pengar til eldreomsorg, fleire tilsette i barnehagen og betre vegar ute i distrikta. Dette er utruleg viktig, for me lever livet vårt ute i kommunane. Alle tenester me får glede og nytte av, vert leverte av det offentlege. Me treng tryggleik for helsa vår, for ungane våre, for vatn- og avløpssystemet, for vegar, for pensjonistlivet, for økonomien. For oss i Arbeidarpartiet handlar dette om tryggleik for kommunane. Det er jo det mange kjenner på – at ein er bekymra for om pengane strekkjer til, at det finst nok vaksne, slik at ein er trygg når ein leverer ungane i barnehagen, at dei tilsette i omsorgstenesta har tid og hender nok til å skifta bleier eller sørgja for trivsel, eller har tid til å vera der når angsten rir ein, eller når ein ligg for døden. Det handlar om arbeidslivet, om trygge jobbar og om å ha nok folk på jobb. Det handlar om at flest mogleg kjem ut i arbeid og aktivitet, og at alle som kan jobba litt eller mykje, vert brukte, slik at endå fleire kjenner at dei kan bety ein forskjell og bidra i lokalsamfunna sine. Det handlar om å leva et heilt liv. I kveld fekk eg ei gladmelding: Ål kommune har fått 83 pst. av ukrainarane ut i arbeid etter fullført introduksjonsprogram – best i landet. Det er veldig hyggeleg for meg som nettopp avgått ordførar, og det seier noko om at der det er vilje, der er det veg. Eg trur alle kommunar ser fram til at ein kan slanka byråkratiet gjennom kommunekommisjonen, fordi rapporteringskrav, lovverk og gode intensjonar frå stortingsvedtak gjennom fleire tiår i aukande grad har utfordra kommunane, og det er viktig å få rydda opp i. Kommuneøkonomien handlar om innbyggjarane våre – om mor mi, om dotter di, om naboen frå Eritrea og om den kollegaen som alltid er sliten. Kommuneøkonomien set kort og godt rammer og retning når det gjeld både tryggleik for morgondagen og tru på framtida.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat