Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 14. okt 2025

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10
Innlegget
Partiprogrammet til Framstegspartiet slår fast: «Norge er et av verdens aller beste land å leve i, da må vi også øke ambisjonene og sørge for at vi har en skole i verdenstoppen.» Trontalen mangla dessverre ambisjonar for norsk skule. Framstegspartiet har høge ambisjonar, og høge ambisjonar er nettopp det norske elevar ønskjer. Dagens skule er altfor teoretisk og passar berre for nokre få elevar. Mange fell dessverre utafor og opplever at undervisninga ikkje er tilpassa deira nivå. Gjennomsnittseleven som skulen er laga for, eksisterer rett og slett ikkje, og det er eit stort problem. Nivådeling i grunnskulen vil gjere at elevar kan få undervisning som er betre tilpassa deira eigne føresetnader. Det vil gje dei eit betre grunnlag for å velje riktig linje på vidaregåande og større moglegheiter til å gjennomføre vidaregående opplæring med gode resultat. Framstegspartiet meiner at elevar bør få større innflytelse på sin eigen skulekvardag. Det kan vi gjere ved å tilby fleire valfag og meir praktisk undervisning, slik at faga er betre tilpassa interessene til elevane. Når elevar får velje fag dei er engasjerte i, aukar motivasjonen, og det gjev betre resultat. Engasjerte elevar er meir motiverte og har større sjansar for å lykkast, både på vidaregåande og i arbeidslivet. Vi meiner at skulen bør tilpasse seg behova til den enkelte eleven og gje dei moglegheita til å utvikle styrkar og praktiske ferdigheiter. Valfridom i skulekvardagen skaper eit utdanningsløp der elevane får større ansvar og betre føresetnader for å forme si eiga framtid. Framstegspartiet har alltid vore tydeleg på at elevane skal ha retten til å velje kva skule dei vil gå på. Dette gjev dei moglegheita til å velje den skulen som best møter deira behov og interesser, i staden for berre å velje den skulen som ligg nærmast. Sjølv om dei fleste elevar faktisk vel nærskulen sin, er det viktig at dei har moglegheita til å velje sjølve. Dette bidrar òg til å auke kvaliteten, og det blir ein sunn konkurranse mellom skulane om elevane. Framstegspartiet kjempar for ein skule der elevane får meir fridom og moglegheita til å forme si eiga utdanning. Resultata frå skulevalet viser klart at elevane ønskjer seg meir valfridom og ein meir praktisk skule. Dette er FrP-Skulen – ein skule som gjev elevane reelle valmoglegheiter og betre føresetnader for å lykkast i både utdanning og arbeidsliv.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat