Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
La det bli lys – og så temde vestlendingen krafta frå fossefallet og skapte lys. I Sogn og Fjordane er energi og industri ikkje berre ein grunnstein, for oss er det levebrødet. I haust hadde eg gleda av å reise saman med utanriksministeren vår, Espen Barth Eide, på eit industribesøk til Elkem i Bremanger. Der fekk vi sjå gløden frå tonnevis av smelta metall som blei tømt frå ein stor jernbehaldar til ein annan, og det var så sterkt lys at vi måtte sjå det gjennom ei sveisemaske. Så er det kanskje nokon av dykk som lurer: Men industribesøk, Torbjørn, kvifor tok du med utanriksministeren dit? Jo, det kan eg svare dykk på. Ja, vi treng meir kraft og nett for å sikre industrien vår, men utan handelsavtalen vår – utan EØS – er det kroken på døra, og folk der var livredde for kva som kunne skje etter valet. Det var fordi dei var bekymra for både enkeltparti på venstresida og ein del haldningar som òg kom til uttrykk i FrP, og kva konsekvens det ville gje for framtida deira. Dette har vore ein kjenningsmelodi i heile denne valkampen som har kome frå nokre parti på venstresida, men eg har òg lagt merke til at FrP og Høgre har understreka ein bodskap som får grøn industri til å verke som noko som er sløsing i samfunnet vårt. Då lurer eg litt på om dei same representantane – ein av dei var faktisk ein partileiar – har lagt merke til kor stor verdiskaping vi faktisk har i det som er grøn industri langs vestlandskysten. Det er her vi skapar verdiane. Eg har ein hypotese om at dersom vi hadde putta ei glaskule – det kan vere litt flåsete å seie – over hovudstaden, hadde det vore fleire kloremerke på innsida enn på utsida. Eg trur det er viktig å hugse kvar verdiane blir skapte. Det er over heile landet, men vi kan ikkje gløyme industrien vår. Eg meiner heilt klart at vi må ta fleire grep for å straumlinjeforme både nettutbygging og kraftutbygging, elles har vi ingen sjanse. Likevel, viss vi i dette arbeidet ikkje klarer å ta vare på dei grunnleggjande føreseielege vilkåra – som veldig mange parti har etterlyst – for industrien vår, nemleg handelsavtalane for eksporten, då er det meiningslaust. Her i salen har vi faktisk noko til felles med månelandaren som var på Mars. Vi har silisium frå Elkem Bremanger i lomma vår. Det treng vi at vi òg har i framtida, vi treng aluminium frå Hydro i både Årdal og Høyanger, men utan føreseielege rammevilkår for industrien vår vil det ikkje bere. Der treng vi at partia strammar seg opp og blir med Arbeidarpartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
