Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Kommune-Noreg står til halsen i oppgåver som må løysast kvar dag og kvar natt heile året. Oppgåvene vert fleire og meir komplekse og krevjande med åra, og forventningane frå innbyggjarane er ofte krevjande nok. Spagaten som kommunane står i, er ikkje god. Det er først og fremst krevjande for dei tilsette, som ønskjer å gi innbyggjarane gode tenester, men det utfordrar òg omdømet til kommunen. Kommunen er dei tilsette, innbyggjarane og samfunnet. Kommunane hamnar meir og meir bakpå i kampen om å få tak i fagfolk. Dette er ei utfordring som ofte vert omtalt som ei framtidssak, men det er det ikkje i kommunane. Når vi i tillegg veit at fleire kommunar enn på mange år er på veg til å kome på, eller allereie har kome på, ROBEK-lista på grunn av driftsubalanse, vert situasjonen meir prekær enn kva eg sjølv kan hugse etter 30 år i eit kommunestyre og åtte år i ei ordførarrolle. Då vert spørsmålet: Opplever statsråden situasjonen i Kommune-Noreg som så prekær at han har det travelt med å forenkle der det kan forenklast no?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
