Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. nov 2025

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 19. november 2025 kl. 10

Innlegget

Eit lite tilleggsspørsmål: I går kveld – det var nesten det siste eg gjorde før eg la meg – såg eg statsråden stå på «tillitsbygget», for å kalle det det, på Økern. Til dette med å ha tillit til kommunane i den situasjonen vi er i no, eksempelvis når det gjeld det som vart nemnd her om øyremerkte tilskot: Vi brukte i 2024 ca. 38 mrd. kr til øyremerkte tilskot, og på tilskot som er på over 100 000 kr, må ein rapportere tilbake til staten. Den tilliten til kommunane, som er fulle av tillitsvalde i kommunestyra – kan statsråden sjå på det, eller i det minste endre nivået på tilbakemeldingskrav? Eg spør fordi 38 mrd. kr er 385 000 100 000-kronerslappar. Eg ser for meg at det er litt å hente.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat