Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 27. nov 2025

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 27. november 2025 kl. 10

Innlegget

Industrien vår står i ein dramatisk situasjon. Det akutte problemet er EUs tollmur mot jernlegeringsindustrien vår. Me har heller ingen garanti mot at liknande tiltak blir innførte mot andre delar av vår kraftkrevjande industri. Det større bildet er trusselen frå høge importerte EU-prisar på straum, noko som vil undergrava Noreg som avansert industrinasjon viss ikkje problemet blir løyst innan få år. EU klarer ikkje å løysa sine eigne djupe problem med avindustrialisering, ei avindustrialisering som har skjedd på grunn av ei blind tru på frihandelslogikken og marknadsliberalismen, med høge energikostnader og utflytting av industri som resultat. I staden for å løysa problema sine vel altså EU å skyva dei over på Noreg og Island. EU prøver no å verna delar av industrien sin ved å straffa den grønaste, mest moderne industrien i verda, med dei absolutt lågaste klimautsleppa. Den meir forureinande industrien, i Slovakia, Polen og Frankrike, skal få fordelar gjennom å stengja ute delar av importen frå den meir miljøvenlege norske industrien. Det har no òg blitt klart at EØS-avtalen ikkje held det tilhengjarane av EØS heile tida har påstått: at EØS sikrar oss full tilgang til den indre marknaden. Tilliten til EØS er då òg i fritt fall på den siste meiningsmålinga. I denne situasjonen vel utanriksministeren å halda ein tale som lovpriser EU og EØS. Det er nesten ikkje til å tru. Likevel: Eg er ikkje fyrst og fremst oppteken av å få høyra meir kritiske ord om den feilslåtte politikken EU påfører oss. Det me treng no, er ei regjering som viser handlekraft. Blikket bør i større grad rettast mot norske arbeidsplassar og norske lokalsamfunn, heller enn mot Brussel. Regjeringa bør kasta kreftene inn på å verna om den faktisk eksisterande grøne industrien vår. I staden håpar dei på at bukking og skraping på magisk vis skal få problema til å gå over. Er aversjonen mot å føra ein eigen nasjonal politikk så sterk? SV meiner det er på høg tid å handla. For det fyrste vil me sikra industrien straum til norske låge prisar og ikkje importerte EU-prisar. Me må ta vare på det konkurransefortrinnet industrien vår har hatt i over 100 år. Industrien må no få fornya langsiktige straumkontraktar til ein pris dei kan leva med. For det andre vil me styrkja støtta til framleis grøn omstilling og utsleppskutt. Innsatsen må aukast, ikkje trappast ned, som regjeringa føreslår. SV vil ha ein grøn redningspakke for industrien. På lengre sikt er det òg fornuftig å vri delar av eksporten til verda utanfor EU. Det vil tryggja industrieksporten i ei verd som i aukande grad er større enn EU, framfor einsidig å binda oss til masta på eit skip som strever med å halda seg flytande. Det Noreg og industrien vår treng, er ikkje illusjonar om eit EU som nok aldri var så lysande som tilhengjarane skal ha det til, og som definitivt ikkje går i rett retning. Me ser tydeleg at ytre høgre styrkjer seg i sentrale EU-land – enno eit symptom på at den blinde marknadsliberalismen avindustrialiserer, aukar forskjellar og tek frå folk framtidstru. Utanriksministeren brukte mykje tid på å snakka om sikkerheit i talen sin. SV er einig i at sikkerheit er meir enn militært forsvar. Nettopp difor var det oppsiktsvekkjande og skuffande at utanriksministeren ikkje nemnde digital sikkerheit eller digitalisering med eit einaste ord, særleg sidan linja frå regjeringa lenge har vore at Noreg ikkje bør ha ein eigen norsk strategi og politikk for å verna oss mot dei internasjonale tekgigantane og sørgja for ein sikker infrastruktur. Heile tida har dei vist til at det er EU som skal ordna opp. Det me ser no, er eit EU som gjev etter for presset frå Trump og dei amerikanske tekselskapa og svekkjer reguleringar på personvern og overvaking. I staden for å styrkja den digitale suvereniteten tar EU eit steg tilbake og gjer seg sjølv og oss meir sårbare for makta til storselskapa. Då er det på tide å ta meir ansvar sjølve, òg på det digitale området.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat