Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Regjeringa har i lang tid vegra seg for å regulera tekgigantane gjennom norsk lovgjeving og utvikling av alternativ til den digitale infrastrukturen som internasjonale storselskap eig og kontrollerer. Regjeringa har i staden vist til at all sånn politikk skal utviklast i EU. No tek altså EU eit steg tilbake og gjev etter for press frå Trump og dei amerikanske tekgigantane, og tanken om digital suverenitet står svakare. Ser regjeringa no behovet for òg å føra ein nasjonal politikk for trygg digital infrastruktur?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
