Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
04:57] (ordførar for saka): Eg kunne eigentleg oppsummert forslaget til Senterpartiet med at dei ønskjer det same for direktørar i staten som for dei stortingsrepresentantane som no går ut av salen, at dei skal gå ut, heile gjengen. – Men det var ikkje det eg hadde tenkt å seia. Saka me behandlar, har fått tittelen avdirektørifisering, og forslagsstillarane frå Senterpartiet ønskjer i forslaget at ein skal redusera talet på direktørar i staten og statseigde selskap med minst 20 pst. og talet på mellomleiarar med minst 10 pst. Dei føreslår òg ein eigen avdirektørifiseringspolitikk, som skal hindra oppretting av nye leiarstillingar. Komiteen har hatt ei grundig behandling, som alltid, og me har som eit ledd i det henta inn vurderingar frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som er ansvarleg for arbeidsgjevarpolitikken i staten. Departementet har gjeve oss ei grundig tilbakemelding og peika på at slike prosentvise reduksjonar er svært krevjande å gjennomføra innanfor gjeldande regelverk. Stillingsvernet til statstilsette gjer tvinga reduksjon vanskeleg, og ei rigid målstyring kan i tillegg få utilsikta konsekvensar for styring, kvalitet og ansvarskjensle. Når det gjeld statseigde føretak, åtvarar departementet mot at instruksjon om organisering frå staten som eigar vil bryta med selskapslovgjevinga og eigarpolitikken til staten. Dei forslaga som er sette fram, er altså urealistiske og kan i tillegg vera lovstridige. Sidan det kjem frå eit tidlegare regjeringsparti, er det heilt sikkert òg nokon som ville sagt at det grensar til å vera useriøst i ordlyden. Fleirtalet i komiteen delar intensjonen om effektiv ressursbruk, men konstaterer at ein talfesta reduksjon ikkje er ein føremålstenleg måte å oppnå det på. Difor føreslår ein at representantforslaget ikkje vert vedteke. Det vert i tillegg fremja ei rekkje andre forslag frå ulike mindretal, som eg reknar med at dei partia som står bak forslaga, vil greia nærmare ut om. Frå Framstegspartiet har me vore tydelege på at me må redusera byråkratiet og prioritera ressursane til fyrstelinja i tenesteyting til innbyggjarane. Me meiner at utviklinga med stadig fleire direktørar og mellomleiarar er uheldig, men me trur ikkje løysinga er rigide prosentkrav som i tillegg kan vera lovstridige. Framstegspartiet vil heller bruka budsjetta, og der stilla tydelege effektiviseringskrav for å få på plass reelle endringar. Me vil kutta offentleg sløsing, redusera talet på forvaltningsnivå, som f.eks. å leggja ned fylkeskommunen og fjerna ei rekkje direktorat, og på den måten skapa ein offentleg sektor som spelar på lag med innbyggjarane og bedriftene. På den måten får me ei enklare og meir effektiv forvalting.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
