Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 2. desember 2025 kl. 10

Innlegget

I offentleg sektor har vi kompetente og sjølvstendige arbeidstakarar som er gode på å løyse oppgåver, men som blir hemma av detaljstyring og dårleg tilrettelegging. Det viktigaste ein leiar kan gjere, er å leggje til rette for den gode jobben som vi veit at dei tilsette er i stand til å gjere. For å få til det må vi ha mindre rapportering oppover for leiarane, mindre detaljstyring, og kontakt med den jobben som skal gjerast. Leiarane må vere nede i puddingen. Vi har eit enormt komplekst samfunn med store forventingar til både sikkerheit og kvalitet i tenestene. Vi har veldig gode tenester – veldig gode – men likevel heng dei noko etter den velstanden i samfunnet som dei fleste av oss i dag nyt. Skal vi få betre leiing, må leiinga tettare på. Då kan vi effektivisere tenestene og gjere dei betre. Vi får betre tenester ved å gjere dei tilsette trygge og gje dei tillit. Vi er kritiske til unødvendig mange toppleiarar. Vi ser – som fleire her – at det kan ha teke litt av. Det viktigaste er likevel å ha god og nær leiing. Senterpartiet går for langt i å detaljstyre med prosentar. Tanken er god, men vi ser det som uhensiktsmessig. Det gjev meir detaljstyring, ikkje mindre, og det er det siste vi treng. Difor føreslår vi ei kritisk vurdering av antal direktørar, ein kritisk gjennomgang av korleis statleg verksemd blir regulert og leia, og at leiarar skal ha som hovudoppgåve å vere tett på fagfolka sine og leggje til rette for den jobben dei er godt utdanna til å gjere, så dei kan vere trygge og gjere den jobben. Med det tek eg opp forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat