Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 2. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Vi har store problem i store delar av bustadmarknaden i Noreg. Bustad er urimeleg dyrt mange stader i landet, og bustadmarknaden bidrar til å reprodusere og skape klasseforskjellar. Det må vi gjere noko med. I ei tid der vi er litt misfornøgde med regjeringa og deira evne til å ta ansvar for komande generasjonar, er det ei glede å kunne skryte litt av regjeringa i dag, for det ser ut til å bli brei einigheit om denne loven. Det er brei einigheit om at vi har eit problem, men ofte litt mindre einigheit om løysingane. Men denne gongen klarer vi å bli einige, samrøystes, og bidra til ein lov som legg til rette for leige til eige-løysingar i bustadmarknaden og at fleire kan ta del i det. I dag blir ganske mange ståande permanent utanfor bustadmarknaden fordi alt av inntektene går til husleige og anna som er nødvendig. Det gjeld også folk med heilt alminneleg jobb og inntekt og normal økonomi. Leige til eige gjev ein ny sjanse for mange som ønskjer å eige sin eigen bustad. I arbeidet med saka i komiteen har vi sett at lovforslaget etterlét ein del usikkerheit om forbrukarar og leigetakarar. Difor står MDG saman med SV og Raudt om ein del mindretalsforslag i saka, som eg håpar regjeringa merkar seg, sjølv om dei ikkje skulle få fleirtal her i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat