Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil takka saksordføraren for den jobben han har gjort, og sluttar meg i hovudsak til dei vurderingane av forslaga som er gjorde frå hans side. Det er mykje som er bra i dette forslaget, likevel er det mange ting som trekkjer i feil retning. Konklusjonen på det vert at Senterpartiet stemmer mot alle forslaga i denne saka, unnateke forslag nr. 20. Me vil koma tilbake til desse spørsmåla i andre samanhengar, fyrst i morgon i samband med behandlinga av statsbudsjettet og den budsjetteinigheita som ligg føre. Eg vil knyta nokre kommentarar til forslag nr. 20, på vegner av ei rekkje parti i Stortinget, om å utsetja innføring av nye grenseverdiar for kadmium i lauk frå 1. juli 2026 til 1. juli 2027. Kvifor er dette nødvendig å gjera? Jo, det er heilt nødvendig å gjera, for det er gjort ein for dårleg jobb frå regjeringa og landbruksministeren si side i denne saka. Noreg har ein stor laukproduksjon. No får ein nye reglar som gjer at det vert vanskelegare å produsera lauk, og det vert veldig usikkert om ein våger å planta til våren. Forslaget går ut på å utsetja dette eit år og bruka tida godt. Me treng å vera sikre på at bøndene vert ivaretekne, me treng å vera sikre på at norsk matproduksjon vert ivareteke. Den jobben har ikkje regjeringa gjort. Regjeringa har ikkje hatt god nok dialog med næringa. Regjeringa har ikkje kome med gode nok ordningar til dei bøndene som er ramma. Regjeringa har ikkje gjort nok for å sikra norsk matproduksjon i denne saka. Dette er igjen eit eksempel på at omsynet til EU er viktigare for regjeringa enn folk i Noreg, viktigare enn norske bønder. Eg må seia eg er sjokkert over at landbruksministeren har gått med på dette når ein veit at det ikkje ligg føre nokon kompensasjonsordningar, og når ein veit at ein ikkje har nokon plan for korleis dette skal gjennomførast. Det må det neste året brukast til. Me vil òg frå Senterpartiets side ta stilling til om me skal støtta innføring av dette, om dei kompenserande tiltaka er gode nok, eller om det er behov for å utsetja ytterlegare når me kjem til den tid. Det me treng no, er tid til å stoppa dette. Stortinget gjer vedtak i dag. Då har regjeringa moglegheit til å stoppa denne prosessen slik at det ikkje vert innlemma, og me får tid til å gje norske bønder den tryggleiken dei fortener.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
