Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. des 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg er einig i at alt som burde ha vore sagt, var sagt, fram til representanten Vitanza heldt sitt innlegg, for det synest eg var eit grovt overtramp når det gjeld å snakka ned den maten som vert produsert i Noreg i dag. Det er ikkje sånn at tidspunktet og datoen for implementering av dette direktivet avgjer om det er trygt å eta løk i Noreg eller ikkje. Det er trygt å eta løk i Noreg. Dette kunne ha vore handtert i jordbruksavtalen i vår. Det vart det ikkje. Viss me utset det eit år, kan me i ein ny jordbruksavtale diskutera korleis ein får på plass risikoavlastande tiltak for dei løkprodusentane det gjeld. Det vil i dei aller fleste tilfella gå heilt fint, og ein vil vera godt under grenseverdiane, men det me er opptekne av, er dei gongene me av ulike årsaker, vêr, klima, kva som helst, kjem over grenseverdiane. Det skal ikkje vere den enkelte bonden som eig risikoen for det, for då vil ein ikkje våga å setja denne løken om våren, og norsk matproduksjon går ned.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat