Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet deler engasjementet for å betra miljøtilstanden i Oslofjorden. Me registrerer òg at dei gruppene som får forbod og avgrensingar mot seg, er primærnæringane. For alle andre er det tiltak, men «business as usual». Dette er svært inngripande tiltak som ikkje har nødvendig dokumentert effekt. Det er ingen garanti for at eit nullfiske i så store område vil gje ei ønskt miljøforbetring. Det som derimot er sikkert, er at det vil ha store konsekvensar for næringsliv og for lokalsamfunn langs fjorden. Senterpartiet ønskjer forskingsbaserte og kunnskapsbaserte tiltak. Fiskarane har òg ei eigeninteresse i å bevara bestandane, så fiskarane må ikkje sjåast på som eit problem, men som ein del av løysinga. Der meiner eg regjeringa har bomma, for det finst òg alternativ til forbod. Dette er kanskje det mest alvorlege i denne saka: Ein innfører no eit nytt prinsipp i fiskeriforvaltinga, ei fiskeriforvalting som alltid har vore basert på at det er bestandane som avgjer kor mykje me haustar. Me skal hausta det me kan av bestanden, utan at det går utover bestanden. Det kan òg gjelda i Oslofjorden, men det gjer det ikkje no. No innfører ein eit forbod. Vil me sjå ei større utbreiing av forbod når bestandane er låge? Senterpartiet meiner det er meir rett å gå for ei løysing der ein reduserer kvotene når det er lite fisk. Eit symbolsk forbod har me lite tru på. Det er oppsiktsvekkjande at Høgre er med på dette, at Høgre synest dette er ein god idé. Høgre snakkar vanlegvis om at ein skal ha føreseielegheit, ein skal ha næringsliv, men her vel dei symbola framfor næringspolitikken. Det meiner eg er uansvarleg, og eg håpar dei brukar tida fram til votering til å tenkja seg godt om. Eg meiner det ikkje berre er dei som bur langs Oslofjorden som bør ta dette inn over seg, men alle som har eit forhold til fiske. Vil me ha forbod som eit element i fiskeriforvaltinga vår? Eg meiner nei. Senterpartiet støttar forslag nr. 8. Me deler intensjonen i forslag nr. 1, men me held oss til at me ikkje er medforslagsstillarar. Me deler òg intensjonen i forslag nr. 4, men me har ønskt å stemma for dei forslaga her som går direkte på fiskarane og korleis dei vert følgde opp.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
