Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. des 2025

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Det er absolutt behov for å styrkje næringspolitikken i landet vårt. Frå dag éin har Støre-regjeringa, etter vårt syn, svekt det private norske eigarskapet. Skattane for norske eigarar av bedrifter er auka med 30 mrd. kr sidan Støre tok over, og det betyr nesten 200 mill. kr i auka skattar kvar einaste veke. Mangel på stabile rammevilkår er øydeleggjande. Vi har fått nye skattar, vi har fått midlertidige skattar, og vi har til med fått skattar med tilbakeverkande kraft. Gründerar vel å byggje bedriftene sine frå utlandet, og bedriftseigarar med over 50 mrd. kr i formue har forlate landet. Det skadar investeringar, arbeidsplassar og vekst i Noreg. Noreg vert bygd nedanifrå gjennom bedrifter, bønder og frivilligheit over heile landet. I generasjonar har dei små og mellomstore bedriftene vore berebjelkar i samfunnet vårt. Dei bidreg til fellesskapet gjennom inntekter, verdiskaping, sysselsetjing og investeringar i lokalsamfunnet. Mange eigarar av små og mellomstore bedrifter må tappe bedriftene sine for kapital for å kunne betale formuesskatt. Dette er ressursar som i staden kunne ha vore brukte til vidareutvikling av bedrifter, arbeidsplassar og lokalsamfunn. For oppstartsbedrifter er situasjonen ekstra ille, då mange må selje aksjar i eiga verksemd, gjerne til utanlandske eigarar, for å betale den urettferdige formuesskatten. I tillegg favoriserer skatten utanlandske eigarar, som ikkje er omfatta. Skal vi sikre at bedriftene kan utvikle arbeidsplassane vidare, og at bedriftene ikkje flyttar frå Noreg, må formuesskatten på arbeidande kapital fjernast. Noreg har tradisjonelt hatt ein god entreprenørskapskultur. Fleire målingar indikerer beklagelegvis at han er svekt dei siste åra. Vi i KrF vil støtte intensjonen i mange av forslaga frå Venstre. Samtidig er måten dei vert fremja på, litt uheldig – i eit representantforslag der det er kasta inn ei mengd heilt ulike forslag om skatte- og forenklingspolitikk, EØS-oppfølging, risikokapital, forsking og innovasjon, arbeidsliv og kompetanse, offentlege anskaffingar, teknologi, KI og finanspolitiske innretningar. Dette gjev eit dårleg utgangspunkt for ei reell behandling, trass i at fleire av forslaga isolert sett er gode. Vi vil kome tilbake til desse når dei kjem fram ved eit seinare høve, men vi vil stemme imot i denne saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat