Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Regjeringa offentleggjorde i sommar at det skal innførast nullfiskeområde i Oslofjorden frå 1. januar 2026. Det inneber at både yrkes- og fritidsfiskarar får fiskeforbod. KrF er einige i at tilstanden i Oslofjorden er alvorleg, men vi merkar oss at regjeringa har budsjettert med ei mangelfull kompensasjonsordning for fiskarar. Det er i utgangspunktet positivt med kompensasjon når situasjonen er som han er, men vi må samtidig erkjenne at fiskarane framleis lever i stor uvisse. Dei veit ikkje kven som vil få erstatning, kor mykje dei kan forvente, eller kva krav som må oppfyllast for å kome inn under ordninga. Det verkar som regjeringa meiner at ordninga med arbeidsløysetrygd skal vareta dei økonomiske behova til fiskarane, slik det er for andre som vert arbeidsledige, men vi må hugse at fiskarane i stor grad er organiserte i enkeltpersonføretak. Dei har ofte lån på fiskarbåt og reiskap, med pant i hus og heim, så ein konkurs for ein fiskar er difor langt meir alvorleg enn det å verte arbeidsledig. Det kan bety å miste hus og heim. Fiskebåtar er spesialiserte og har ein avgrensa verdi når fiskaren vert tvinga til å selje som følgje av fiskeforbodet. Dette gjer situasjonen meir alvorleg, og Kristeleg Folkeparti vil difor understreke at kompensasjonsordninga må vere tydeleg og rettferdig og raskt kome på plass. Vi ser at totalforbod skapar mykje utryggheit og er svært krevjande for dei som vert ramma. Då kan vi ikkje ha ei ordning som er ramma inn slik at ho skapar endå meir utryggheit. KrF vil til slutt melde vår støtte til forslag nr. 8 i saka, frå Raudt, og vi gjer samtidig merksam på at KrF ved ein inkurie ligg inne som medforslagsstillar på forslaga nr. 2 og 3. Vi vil stemme mot dei forslaga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
