Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. des 2025

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg merkar meg at Arbeidarpartiet og regjeringa er opptekne av forsvarleg saksbehandling. Det er i utgangspunktet noko fleire sjølvsagt kan ønskja seg – at me sørgjer for at eit forslag blir levert i god tid og er tilstrekkeleg greidd ut, vurdert og belyst frå alle moglege sider. Det er likevel litt rart at det argumentet kjem kort tid etter at regjeringa valde å snu på hælen og endra heile det etiske rammeverket for oljefondet gjennom lause forslag i Stortinget. Det er òg ein annan måte å vurdera forsvarlegheit på, og det er forsvarlegheit overfor produsentane og overfor norsk matproduksjon og beredskap, for det er det denne saka handlar om. Er det mogleg å utsetja saka? Ja, sjølvsagt er det det. Det er både mogleg og nødvendig å utsetja denne saka i eit år, slik me no føreslår, for at produsentane og landet skal ha tid til å tilpassa seg og omstilla seg. Viss statsråden meiner at me her i landet allereie har hatt god tid til å omstilla oss og tilpassa oss, er det overraskande at regjeringa ikkje har brukt den tida til i det minste å finna ei god kompensasjonsordning for løkprodusentane, som no står i fare for å mista heile næringsgrunnlaget sitt. Eg merkar meg òg at det blir stilt spørsmål ved om det er tilrådeleg i det heile å eta norsk løk, eller om det kanskje kan vera helseskadeleg å eta løk produsert i Noreg. Det er ikkje noko faktagrunnlag per i dag som tilseier at det på nokon måte er skadeleg å eta norsk løk. Det må òg seiast klart og tydeleg frå denne talarstolen. Forskinga så langt tilseier tvert imot at desse grenseverdiane og denne forordninga er dårleg tilpassa norske forhold og norsk matinntak, bl.a. fordi me et mindre løk her enn i søreuropeiske land. Dette er eit generelt regelverk som er dårleg tilpassa dei faktiske norske forholda. Eg et norsk løk med glede og kjem til å fortsetja med det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat