Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Oslofjorden er i krise. Det er dessverre den brutale sanninga. Fjorden slit med massiv forureining, spesielt frå nitrogenutslepp, og fiskebestandane har stupt. Ressursane og naturmangfaldet me har teke for gjeve, er i ferd med å forsvinna. Dette er ikkje ei utvikling som kom av seg sjølv, og ho vil heller ikkje snu av seg sjølv. Difor var det eit viktig gjennomslag for SV at me fekk på plass konkrete tiltak for å redda livet i Oslofjorden, for det hastar. Me kan ikkje stå og sjå på at ein av Noregs viktigaste fjordar langsamt døyr. La det vera heilt klart: Norske kommunar kan ikkje sitja igjen med ansvaret for å redda Oslofjorden åleine. Skal me få fjorden frisk igjen, må staten ta ein langt større del av ansvaret både fagleg og økonomisk. Det er difor me – saman med Raudt og MDG – fremjar forslag om å greia ut ei finansieringsløysing for reinsing av nitrogen frå avløpsanlegga rundt fjorden. Dette er eit heilt avgjerande steg for å få kontroll på utsleppa som i dag kveler Oslofjorden. SV har òg vore tydeleg på dette: Når staten innfører fiskeforbod i delar av fjorden, innfører staten i realiteten eit yrkesforbod for fiskarar. Når staten tek frå folk moglegheita til å jobba, har òg staten eit ansvar for at dei ikkje står igjen utan inntekt. Difor har me heile tida jobba for ei ordning som sikrar fiskarane i Oslofjorden når fiskeforbodet trer i kraft. Me fremjar i dag forslag om at regjeringa skal koma tilbake med ei støtteordning som faktisk sørgjer for omstilling, ikkje berre gode intensjonar. Når fiskarar mistar inntekta si fordi staten innfører nullfiskesoner, er det rett og rimeleg å oppretta kompensasjonsordning basert på det faktiske inntektsbortfallet. Det handlar om rettferd, om familiar som mistar livsgrunnlaget sitt, om kystkultur og om arbeidsplassar. Me kan ikkje redda Oslofjorden ved å dytta ansvaret nedover. Me kan ikkje redda naturen ved å skyva rekninga over på vanlege folk. Me kan ikkje be fiskarar leggja vekk yrket sitt utan at dei får ein trygg veg vidare. SV står for to ting samtidig: kraftfulle tiltak for å redda fjorden og eit tydeleg ansvar for menneske som blir ramma. Det er slik me byggjer tillit, det er slik me byggjer berekraft, og det er slik me reddar Oslofjorden på ein rettferdig måte. Eg skal leggja til at me går ut av forslag nr. 1 – både SV, Raudt og MDG – etter den budsjettavtalen som kom på plass denne veka. SV støttar derimot forslag nr. 8, frå Raudt, og eg tek opp dei andre forslaga SV er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
