Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. des 2025

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

SakMøte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg må få takka statsråden for svaret. Dei løysingane me stort sett har hatt til i dag, har gått ut på å rydda opp etter at me er ferdige med å bruka plasten. Me sorterer, me resirkulerer, og me plukkar plast i fjøra. Samtidig må me altså sjå på løysingar som meir går ut på korleis ein produserer plasten, og korleis ein får forbrukaralternativ til plast. Marin forsøpling er eit enormt problem for det marine økosystemet, som me òg høyrer statsråden visa til og illustrera godt i innlegget sitt. Likevel manglar me, slik eg oppfattar det, gode løysingar for å stoppa straumen av plast til havet, plast som òg kjem på avvegar. Dette Sweet Spot-prosjektet som er her i Noreg, som er eit norsk tverrfagleg samarbeid for å identifisera dei viktigaste kjeldene til område kor det er stor plastforureining i norske farvatn, verkar på meg som eit godt, tverrfagleg prosjekt med ei god tilnærming for å undersøkja om det finst gode løysingar som kan gje ei varig endring på plastproblemet og plastforureininga. Det tverrfaglege aspektet omfattar både maskinlæring, kunstig intelligens, laboratorieanalysar, åtferdsendringar og styring av forsyningskjedar og forretningsmodellar. Det er seks doktorgradsstillingar som er knytte til dette prosjektet. I studien har dei gått gjennom 52 forskjellige tiltak her i Noreg kor me forsøkjer å hindra at plast hamnar i havet. Gjennomgangen viste at dei fleste løysingane me nyttar, handlar om resirkulering og rydding av strender, fjerning av mikroplast og bruk av alternative materialar, utan at det kjem innom sjølve årsaka til forureininga og det å ha eit alternativ til forbruket av plast. Det er godt å høyra at statsråden tar med seg utfordringane og ser på dette når me òg har moglegheita til å sjå på anna enn berre å rydda opp, som å hindra at det vert produsert så mykje plast, og å ha alternative måtar å sjå dette på. Det er faktisk eitt av dei tiltaka som vert peika på av desse forskarane. Vi har òg ein god strategi for dette her i Noreg, og sirkulærstrategien til regjeringa er eigentleg veldig god på dette, men fokuserer kanskje i for stor grad på økologisk berekraft og burde kanskje òg hatt eit anna fokus. Eg håpar verkeleg at statsråden tar med seg erfaringane herifrå når han skal ut igjen og diskutera den plastavtalen med FN og korleis ein kan koma vidare internasjonalt. Eg takkar altså veldig for svaret eg har fått, og eg vil ønskja statsråden lukke til på ferda vidare med denne problemstillinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat