Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Tusen takk for debatten. Det er veldig kjekt å høyra engasjementet frå fleire parti om kor viktig det er å ha denne interpellasjonen, og ikkje minst det fokuset som me treng for å få ein god internasjonal avtale og internasjonale reglar som verkar. Eg er veldig takknemleg for at statsråden ønskjer å følgja opp akkurat dette og gjera noko som verkar både her heime, som ein seier, og ute i den internasjonale samanhengen. Eg støttar veldig opp om at Noreg framleis skal ha ei leiande internasjonal rolle i dette arbeidet, sånn som statsråden legg opp til. Eg må få lov til å utfordra statsråden her frå talarstolen i dag og invitera han til å ta imot denne vandrekvalen ein månads tid i løpet av vinteren. Eg vil utfordra statsråden til å ha han på kontoret sitt som eit symbol på framtidshavet og på at han har Stortinget si støtte i det viktige arbeidet han skal gjera når han skal prøva å få til betre og meir samhandling internasjonalt for å få på plass ein internasjonal og god avtale som verkar, for å få redusert dei utfordringane som plast i havet gjev oss. Takk for debatten.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
