Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
03:12] (ordførar for saka): Eg vil først takke for godt samarbeid i komiteen i arbeidet med den nye lova om aktivitetar i verdsrommet. Sektoren som blir omfatta, har utvikla seg vesentleg i nyare tid, og det er behov for ei ny og framtidsretta lov som anerkjenner viktigheita og verdien av denne næringa. Noreg har 2 700 tilsette innanfor romnæringa, som totalt eksporterte for 11 mrd. kr i 2021. Mykje har skjedd i verdsrommet dei siste åra, spesielt har vi sett ein stor auke i satellittar som er skotne opp for å levere ei rekkje ulike teknologiske løysingar, som også Noreg nyt godt av. Vi ser stort potensial på horisonten for landet vårt. Med det nasjonale fortrinnet vi har eksempelvis i oppskytingsanlegget på Andøya, er Noreg godt posisjonert til ytterlegare vekst, og vi kan styrkje oss som ein leiande europeisk romfartsnasjon. Ved å leggje til rette for og satse vidare på romnæringa kan vi bidra til å sikre robust infrastruktur og teknologi som har blitt kritisk i vårt moderne samfunn. Den nye lova tek utgangspunkt i ei rammelov som skal dekkje dagens reguleringsbehov og samtidig oppnå tilstrekkeleg smidigheit slik at ho opnar for utvikling av framtidige romaktivitetar. Formålet med lova er å leggje til rette for ein sikker og berekraftig bruk av verdsrommet. Romaktivitetar innanfor Noregs jurisdiksjon skal utøvast på ein måte som ivaretek nasjonale sikkerheitsinteresser og er i tråd med våre internasjonale forpliktingar. Næringskomiteen har merka seg behovet for oppdatert regulering i lys av auka aktivitet og samfunnet si avhengigheit av romtenester, og at lova skal balansere næringsutvikling, sikkerheit og miljø- og berekraftsomsyn. Komiteen meiner at Noreg har markert seg som romnasjon, og viser til at næringa er av stor betydning for arbeidsplassar over heile landet. Næringa har utvikla ein komplett verdikjede for romverksemd, frå utvikling av rakettmotorar, satellittkomponentar og fullverdige satellittar til oppskytingskapasitetar og bakkestasjonar. Noreg har stor nytte av rombaserte tenester, anten det for å overvake enorme havområde, sikre trygg kommunikasjon over vårt langstrekte land, koordinere søk- og redningsoppdrag eller følgje med på utviklinga av klimaendringar og føreta areal- og naturkartlegging. Eg ønskjer god debatt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
