Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 5 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2025

Frida Hegranes Selvik
Frida Hegranes Selvik
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Klimaendringane fortset å ramme verda og Noreg, våre kystar og våre lokalsamfunn. Været har blitt meir ekstremt, og vi har aldri hatt så mange varme dagar i eit av verdas nordlegaste land. Altfor mange har mista liv og hus i flaum og ras. Dette påverkar vår kvardag. Det er desse klimaendringane som stengde 50 vegar samtidig på Vestlandet i mars, og som gjorde at fleire tusen innbyggjarar blei isolerte og evakuerte i Sogn og Fjordane. Det er desse ekstremvêra som har teke hus og liv i ras langs heile Noreg. Vi har ikkje råd til ikkje å prioritere klima. Det er viktigare enn nokosinne med eit budsjett som tek ansvar, som løyver 1 mrd. kr ekstra til rassikring når ekstremvêret berre blir verre, så vegane våre blir tryggare når dagane med styrtregn aukar, og som sikrar at ein skal kunne bu både inst i Sognefjorden og ytst på kysten utan å måtte vurdere om det er trygt å køyre til jobb i dag. Samtidig som budsjettet tek ansvar for at Noreg skal vere trygt, går òg utsleppa ned. Klimapolitikken til regjeringa har funka, og dette budsjettet tek klima på like stort alvor. Vi viser at ein kan prioritere å utvikle industrien så arbeidsplassane er trygga, samtidig som kollektivtrafikken blir billigare, og å velje klimavennleg i kvardagen blir enklare. Vi er avhengige av ein klimapolitikk som tek ansvar for utslepp, ikkje berre her heime i Noreg, men òg internasjonalt. Dette budsjettet er tydeleg: Det er fullt mogleg å prioritere arbeidsplassane langs kysten og bussane og vegane våre samtidig som ein tek ansvar og går i bresjen for å få ned utsleppa. Difor er eg glad for at Arbeidarpartiet og det raud-grøne samarbeidet leverer eit trygt og ansvarleg budsjett for heile Noreg og tek ansvar for at alle skal leve eit trygt liv.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat