Møte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10
Noreg har aldri redusert klimagassutsleppa sine så mykje som ein har gjort dei siste fire åra. Samtidig har næringane våre omstilt seg, arbeidsplassar blir ivaretekne, og ein byggjer nye. Denne regjeringa viser at ei ansvarleg omstilling som sikrar konkurransedyktig industri, er mogleg. I 1948 produserte aluminiumsverket i Årdal aluminium for første gang. Hydro Aluminium er den viktigaste drivkrafta for at lokalsamfunnet og industrien i Årdal fortset. Dei tilset lærlingar, unge i sommarjobb, nyutdanna og erfarne, samtidig som ein opprettheld industriproduksjonen her i Noreg. Hydro har gått i bresjen for omstilling og motteke 46 mill. kr frå Enova. Resultatet er at Hydro er på veg til å lage netto null-aluminium innan 2050, og aluminiumsindustrien er ei av dei mest omstilte næringane vi har i Noreg. Ikkje berre skapar dette føreseielege vilkår for at Hydro skal fortsetje å drive i lang tid, skape arbeidsplassar i Noreg og ivareta små kommunar, men det aukar konkurransedyktigheita på ein marknad der berekraft har blitt eit av dei viktigaste krava. Det er ansvarleg omstilling. Framstegspartiet derimot føreslår kutt i Enova, nedskalering av Innovasjon Noreg og avvikling av klima- og energifondet på til saman 9,6 mrd. kr. Desse støtteordningane har ikkje berre sikra Hydro Årdal ei framtid, tryggleik for dei små kommunane våre og lokalsamfunna, men det sikrar industrien her i Noreg og at industrien blir. For meg framstår Framstegspartiet som eit meir og meir næringsfiendtleg parti utan evne til å ta vare på verdiskapinga i Noreg.
