Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2025

Joakim Myklebost Tangen
Joakim Myklebost Tangen
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Helse Møre og Romsdal står no midt i ei alvorleg krise. Dei neste åra må helseføretaket spare 700 mill. kr, og dei planlegg å kutte opptil 500 årsverk. Dette er noko som betyr færre hender til å behandle pasientar, og dei tilsette må jobbe hardare, med færre kollegaer. Dette går direkte ut over pasientbehandlinga, ventetidene kjem til å auke, og fleire viktige tilbod står i fare for å forsvinne. Dei siste åra har det blitt gjort ein del nødvendige investeringar, som f.eks. å byggje nytt sjukehus. Problemet er at helseføretaket sjølv må dekkje inn kostnadene ved investeringane, og dette fører igjen til kraftige kutt i tilbodet. Pengar som skulle gått til behandling, går i staden til renter og avdrag. Resultatet blir kutt i bemanning og pasienttilbod. I tillegg har innføringa av Helseplattformen vore kostbar og problematisk, noko som har ført til budsjettoverskridingar og enda meir innsparing. Dagens modell set systemet før pasienten, og dette meiner vi i Framstegspartiet er heilt feil. Samtidig har regjeringa svikta fullstendig. Dei spring frå ansvaret sitt, og dei klarer ikkje å sørgje for at Helse Møre og Romsdal har nok pengar til å drive eit forsvarleg helsetilbod. Det som er problemet i dag, er at ein ikkje snakkar om å ha eit godt helsetilbod, men om at det skal vere forsvarleg. Eg meiner vi burde begynne å snakke om at vi skal ha eit godt helsetilbod, men med dagens politikk blir det vanskeleg å snakke om det, for når det blir stadig fleire innsparingar, tærer det på den bemanninga som er der. Ein ser allereie i dag at det er store utfordringar knytte til rekruttering og å behalde dei ein har, fordi dei er nøydde til å stå i dette over tid. Dei tilsette har ropt varsku over lang tid, utan at nokon verdas ting har skjedd. Alt håp er ikkje ute. Det finst heldigvis alternative måtar å drifte sjukehusa våre på enn det vi har i dag. Framstegspartiet vil avvikle helseføretaksmodellen og skilje drift og investering, slik at pengane som går til helse, faktisk blir brukte på pasientane, og at investeringar i bygg og utstyr ikkje skal føre til kutt i pasientbehandlinga. For å løyse dei akutte utfordringane Helse Møre og Romsdal står i, føreslår Framstegspartiet å gje ei krisepakke på 200 mill. kr i 2026. Dette vil gje helseføretaket handlingsrom til å redusere ventetider, behandle fleire pasientar og sikre trygg og forsvarleg drift. For å sikre ei nødvendig styrking av helsetilbodet føreslår vi å auke sjukehusbudsjettet med 1,2 mrd. kr. Dette er pengar som kjem pasientane til gode. Det er denne retninga helsetenesta treng – ei retning som set pasienten først.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat