Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

I motsetning til budsjetta til hei sann-hopp sann-koalisjonen, der skattelettane kjem først og løysingane etterpå, er dette budsjettet historisk. Me har sikra fleirtal med fem parti, med ein heilskapleg politikk. Politikken til opposisjonen minner meir om Oslo-vêret, med mørke, regntunge skyer for Noregs næringar, klima, innovasjon og samferdsel. Om presidenten hadde blitt med på ein køyretur på Vestlandet, gjennom ein tunnel, på vegar langs bratte fjell med sjøsprøyt på den eine sida og vatn som fossar frå fjellsida på den andre sida, ville kanskje presidenten undra seg over dei djupe merka i asfalten. Eg ville forklart presidenten at dette er stein som har rasa ned frå fjellsida, og at eg var glad for at steinen trefte vegen og ikkje folka som ferdast der. Me har dessverre òg eksempel på at det skjer frå tid til anna. Samferdselspolitikk handlar nettopp om tryggleik på veg til jobb, fotballtrening og butikken. Klimaendringane gjev oss våtare og villare vêr og aukar risikoen for ras og skred, særleg på Vestlandet. Dette er ikkje ein fjern trussel, det er kvardagen for veldig mange folk. Folk kan oppleva å reisa på butikken for så å sjå at vegen er stengd når dei skal reisa heim igjen. Skredsikring handlar òg om beredskap – for helse, for arbeidsplassar, for liv og sikkerheit for folk som bur i Noreg. Difor er eg stolt over at me i dette budsjettet har fått til ein auke på 120 mill. kr til skredsikring. Det betyr ikkje berre fine ord, det betyr pengar til konkrete prosjekt som gjev trygge skulevegar, trygge arbeidsreiser og mindre utryggleik for folk som bur i rasutsette område. Skredpunkta er kartlagde, tiltaka er klare, og no kan me starta med gjennomføringa. Dette er tydelege eksempel på kva me får til når me samarbeider raud-grønt. Eg vil spesielt takka min kollega representanten Sande og den tidlegare representanten Bjørke, og ikkje minst Vestland Arbeidarparti og alle laga, som kvart einaste år har dette som den viktigaste saka på årsmøta sine. Med Senterpartiet som budsjettpartnar veit eg at me kjem til å halda dette fokuset saman. Dette budsjettet viser kva me får til når me står samla. Me leverer tryggleik, me byggjer beredskap og tek ansvar for heile landet. La meg til slutt seia som ordføraren vår i Kvam: No er det vanlege kvardagsvegar sin tur.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Linda Monsen Merkesdal (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 5. des 2025 — OverStortinget