Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
SV gjekk til val på å redusere forskjellane i dette landet, betre kvardagsøkonomien til folk og styrkje velferda. I dette budsjettet fortset vi SVs velferdsreformer som vi starta på i førre periode, SFO-reforma og tannhelsereforma. Frå neste haust blir SFO gratis òg i 4. trinn i levekårsutsette område. Vi tek foreldreopprøret på alvor og styrkjer bemanninga i barnehagen med 600 mill. kr gjennom ordninga som SV fekk på plass i revidert nasjonalbudsjett, og det kjem milliardar til både kommunane og fylkeskommunane for å styrkje velferda. Noko av det første SV gjorde i 2021 etter åtte år med høgreregjering, var å endre lova slik at barnetrygda blei halden utanfor sosialhjelpssatsen. Dessverre måtte vi òg ta den kampen i det første budsjettet med ei ren Ap-regjering, men no er han sikra og vunne for heile stortingsperioden. Dette, saman med ein auke i barnetrygda, gjer at barn som veks opp i dei aller fattigaste familiane, får meir til klede, fotballsko og fritidsaktivitetar. Med dette budsjettet kan uføre senke skuldrene og få behalde meir av det dei tener, utan å vere redde for at dei blir trekte i trygda. Frå 1. oktober kan uføre tene heilt opp til 130 000 kr, når fribeløpet aukar til 1 G. Vi reverserer òg kuttet i eingongsstønaden. I dette budsjettet fortset vi tannhelsereforma SV starta på i førre periode, slik at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til legen. Vi kuttar i ventetida for folk som treng tannbehandling etter å ha vore utsette for tortur og overgrep eller har tannlegeangst, og vi styrkjer spesialistbehandlinga. I dette omfordeler vi innanfor skattesystemet. Vi har lagt bak oss år med folkemord i Palestina. Gaza ligg i grus. Difor er vi glade for at det i dette budsjettet ligg inne 1 mrd. kr til Palestina, og for at vi startar eit internasjonalt arbeid med Israels folkerettslege ansvar for å straffeforfølgje busetjarvald. Dette året har vi sett varmerekord etter varmerekord. Klimakrisa forsvinn ikkje sjølv om verda har blitt meir uroleg, ho blir berre verre. Difor må rike land som Noreg kutte utslepp her, og vi må omstille industrien vår. I dette budsjettet har SV sikra 700 mill. kr til å redusere utslepp i industri- og avfallsforbrenningsanlegg. Det betyr at BIR i Bergen kan fortsetje planane for karbonfangst og -lagring og sende det til Langskip i Øygarden. I fjor på denne tida fekk SV gjennom ein enormt viktig siger for naturen og havet, då vi stansa gruvedrift på havbotnen. Det var eit prosjekt som ville ha vore det største naturinngrepet i noregshistoria, og som har hausta enorm kritikk frå internasjonale ekspertar på berekraftig havmiljø. I dette budsjettet har vi stansa planane ein gong for alle – ut heile stortingsperioden. Det er ein siger vi deler med heile miljøbevegelsen, og som vi alle kan vere stolte over. Då SV sist var i regjering, fekk vi på plass byvekstavtalane. Dei siste 15 åra har vi sett ein enorm auke i kollektivtrafikken. Difor er eg enormt glad for at dette budsjettet har eit kjempeløft for kollektivtrafikken, for å oppretthalde tilbod og ein pris som gjer at det løner seg å velje kollektivtransport i heile landet. Likevel var ikkje dette budsjettet grønt nok. Difor var klimaprofilen ein av grunnane til at vi ønskte å fortsetje forhandlingane sist laurdag, for budsjettet kunne ende med å auke klimagassutsleppa, ikkje redusere dei. Difor er vi i SV glade for at vi sidan laurdag, då Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt presenterte einigheita si, fekk inn 500 mill. kr meir til klimainvesteringsfondet, at dobbelt så mykje skog skal vernast, saktare utfasing av momsen på elbil, og noregspris på solkraft. Legg ein alt dette saman med regulering av studiestøtta og bortebuarstipend, lovfesting av SFO i 1.–3. trinn, og meir til dei som har minst til jul, gjennom ei ekstraordinær løyving til frivillige organisasjonar og Matsentralen, har dette budsjettet ein profil som SV både er stolt over og kan stille seg bak. Som førstereis på Stortinget vil eg seie at dei to første månadene som «ny i jobben» har vore ein ekstremsportmaraton som ikkje er alle forunnt å oppleve. Eg vil difor takke dei fire andre partia på raud-grøn side for tøffe og lange forhandlingar i fleire veker og fleire netter. Vi kom heldigvis i mål, sjølv om vi måtte ta nokre ekstra strafferundar. Eg vil avslutte med å framheve representanten og min partileiar Bergstø for at ho tok rolla som brubyggjar og samlingskraft, noko som var ein svært medverkande årsak til at det brotet som var, trass i alt berre blei ein pause, ei utsetjing og ikkje ei faktisk regjeringskrise. SV gjekk til val på eit raudare, grønare og meir solidarisk Noreg, og det har vi fått med dette budsjettet. Difor vil SV stemme for det – og eg vil med det òg ta opp forslaget SV har åleine.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
