Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Budsjettet tek viktige grep for å styrkje utdanningsfeltet frå barnehage til høgare utdanning. Dette er eit budsjett som viser at når vi samarbeider, kan vi prioritere fellesskap og kunnskap. Arbeidarpartiet meiner at noko av det viktigaste vi gjer, er å sikre at barn og unge får ein god start på livet. Difor er eg glad for at forliket styrkjer kommuneøkonomien og sikrar endå meir pengar til auka bemanning i barnehagane. Nok tilsette betyr tryggare ungar, betre pedagogisk kvalitet og moglegheit til å fange opp ungane frå tidleg av. God bemanning i barnehagane er ikkje berre ei investering i ungane våre, det er ei investering i heile utdanningsløpet. Arbeidarpartiet er bekymra for at elevane våre lærer dårlegare. Difor har vi over tid prioritert meir pengar til ein praktisk og variert skulekvardag i tillegg til fleire fysiske bøker og satsing på lesing. Eg er glad for at vi med denne budsjetteinigheita fortset den satsinga, og slik legg vi til rette for meir læring, trivsel og motivasjon. Òg for høgare utdanning og forsking er budsjettet eit bra løft. Det gjev betre vilkår for utdanningskvalitet, for forskinga og for sterke fagmiljø over heile landet. Dette er ei investering i framtidas arbeidsplassar og i Noregs omstillingsevne. Vi er ikkje i mål, sjølv om årets budsjett viser at fem parti med ulike utgangspunkt kan finne saman om å styrkje utdanning i heile Noreg, frå dei minste ungane i barnehagen til studentane som skal løfte Noreg inn i framtida. Då er kontrasten til forslaga frå høgresida stor. Dei vil splitte opp fellesskulen – meir privatisering, mindre fellesskap – og ha dyrare barnehage og SFO. Dei vil ha kutt i nasjonale satsingar på praktisk læring, fysiske lærebøker, studiestøtte, forsking og kompetanse i alle faga i skulen. Det er litt av ei julegåve til dei unge. Heldigvis får vi i dag eit budsjett som er prega av våre verdiar. Det er fellesskap, kunnskap og moglegheiter for alle. Det er eg «fole» stolt av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
