Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Finansdebatten handlar om livet vårt. Ordskiftet frå valkampen er gjenkjenneleg her i dag. Det er interessant å registrera kor optimistisk eller pessimistisk ein ser på samfunnet og på korleis landet vert styrt – nasjonalt, regionalt og lokalt. Den jammerdalen nokon hevdar me er i, kjenner eg meg ikkje att i, men alvoret i mange kommunar og fylke er tydeleg formidla: Velferda er under sterkt press. Difor er prioriteringa av historisk høge overføringar til kommunar og fylke nødvendig. Samtidig er det avgjerande å kommunisera til alle folkevalde, både her og der, at omstilling er heilt nødvendig. Me må føra ein politikk som bidreg til å halda renta nede, stat og storting må redusera styringstrykket, kommunar må effektivisera eller samarbeida meir, og dei som ynskjer å slå seg saman, må vurdera det. For at kommunar og fylke skal lykkast, må me klara å omstilla oss, forenkla, digitalisera, bruka KI smart – kort sagt endra for å bevara det beste ved Noreg, nemleg å ha solide kommunar over heile landet. Det treng me av tryggleikspolitiske grunnar. Me treng det på grunn av beredskap, sjølvforsyning, kritisk infrastruktur som kraftforsyning og vasskvalitet og samferdsel og næringsliv. Med fersk og lang erfaring frå lokalpolitikken meiner eg at kommunane og fylka sjølve veit best kva som trengst av tiltak og innsats. Dei kan best svara på om dei treng mest pengar til eldreomsorg, arbeidsinkludering, vegvedlikehald, bustadsatsing, vidaregåande skular eller tilskot til lag og organisasjonar. Overordna sett ynskjer KS seg frie rammeoverføringar og færrast mogleg øyremerkte midlar – for kommunar er forskjellige, strukturen er ulik, og demografi og geografi er også det. Valresultatet frå i haust viser at veljarane bryr seg om låg barnehagepris, støtte til tannhelse, kollektivsatsing, sletting av studiegjeld, storbysatsing og veldig mykje meir. Dei bryr seg om kunstig intelligens og om satsing på høgare, desentralisert og variert utdanning. Valresultatet viser at alt dette betyr meir for fleire enn skattelette for dei færraste av oss. Fleirtalet av veljarane i dette landet vil ha ordningar som tener oss alle, uavhengig av lommeboka til den enkelte. Eit solid spleiselag der me yter etter evne og får etter behov, er best for flest. Kort sagt: Statsbudsjettet svarer godt ut kva landet vårt treng i 2026.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
