Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Regjeringa justerer formuesskatten i statsbudsjettet for neste år, men vil ikkje gjere vesentlege kutt i det som er landets mest næringsfiendtlege skatt. Onsdag melde TV 2 at Noreg tapar milliardar på dei såkalla skatteflyktningane som forlèt landet, og at sju av ti på inntektstoppen no har flytta ut. Dette heng saman med den særnorske formuesskatten, som er skjerpa under Støre-regjeringa. Ingen synest spesielt synd i dei som flyttar ut, men det er synd at Noreg blir eit land med stadig svakare innovasjonskraft. I dag er berre 2 av Nordens 30 største bedrifter norske – Equinor og ein bank. Før finanskrisa hadde vi 7 på topplista. Ser ein på kva slags bedrifter som er størst i Noreg, blir det fort klart at vi har ein økonomi bygd på naturressursar, dominert av olje, gass, laks og vasskraft. Årsaka til at vi ikkje har store teknologibaserte bedrifter, som den svenske musikktenesta Spotify, som no er verd meir enn Equinor, eller det danske medisinselskapet Novo Nordisk, som er verd meir enn et heilt dansk statsbudsjett, er at dei fleste bedrifter er avhengige av kapital og føreseielegheit for å kome seg på beina. Fellesskapets midlar er tilgjengelege for gründerar og oppstartsbedrifter, men altfor få av dei kjem seg ut av den såkalla dødens dal, kor såkorn frå det offentlege ikkje lenger strekk til. Her kjem vi langt dårlegare ut enn svenskane og danskane, med vesentleg fleire konkursar blant bedrifter etter fem år. Det er spesielt i skaleringsfasen, kor ein treng 5 mill. kr til 30 mill. kr, at den norske modellen sviktar. Her får bedrifter i nabolanda våre hjelp av private investorar som er villige til å risikere eigne pengar. Svak innovasjonskraft gjer ikkje berre at vi tapar inntekter til staten. Eg tenker mykje på at vi har et land fullt av kreativ norsk ungdom som vil stå opp tidleg om morgonen for å skape, og som ønskjer å gjere verda til ein betre stad. Kva signal sender vi til dei? Frå venstresida er beskjeden krystallklar: Dei må ut av landet dersom dei skal lykkast, for store formuar skal ikkje akkumulerast i Noreg, ikkje eingong i form av verdfulle bedrifter eller maskinar og utstyr som blir brukte i verdiskaping. Eg meiner vi må heie på alle som vil skape noko nytt, for når dei vinn, gagnar det ikkje berre dei sjølve – heile samfunnet blir betre når nye bedrifter veks fram, betalar skatt og leverer produkt eller tenester som blir selde i ein fri marknad gjennom gjensidig fordelaktige private transaksjonar. Vi må gjere som resten av Europa og kaste formuesskatten på historias skraphaug. Land som Sverige og Frankrike har prøvd ein slik skatt, men gav opp fordi det blei for dyrt. I dag vil ikkje eingong sosialistane i desse landa prøve på nytt. Vil regjeringa levere trygg og ansvarleg styring, må dei fase ut formuesskatten, slik FrP går inn for i det alternative statsbudsjettet vårt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
