Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Inkorporering av CRPD i menneskerettslova inneber at konvensjonen gjeld som norsk lov og vil gå føre anna lovgiving ved eventuell motstrid. Det er eit tydeleg signal både nasjonalt og internasjonalt om at menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne skal respekterast og sikrast. Inkorporering har ei viktig politisk og symbolsk betydning, og det gir eit klart signal om at rettane til menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast på lik linje med andre. Som fleire har sagt, vil den rettslege betydninga ved inkorporering vera avgrensa grunna at Noreg allereie har ratifisert konvensjonen, men ei inkorporering kan føra til større merksemd rundt konvensjonen, og det kan føra til meir konsekvent praktisering. Senterpartiet og Arbeidarpartiet tok i Hurdalsplattforma initiativ til å starta ein prosess med å inkorporera CRPD i norsk lov. Da anerkjende vi den diskrimineringa personar med nedsett funksjonsevne vert utsette for òg i Noreg. Det var eit viktig skritt for å anerkjenna og sikra rettane deira. Det gjeld retten til fridom frå vald, utnytting og misbruk, retten til eit sjølvstendig liv – ikkje minst – og retten til å velja bustad og til å delta i samfunnet. Det er ein ting eg har vore opptatt av i denne vurderinga. Det er at det vart gitt to tolkingserklæringar då Noreg ratifiserte konvensjonen, som gjaldt inngrep i sjølvbestemming gjennom tvinga verjemål og bruk av tvang i helse- og omsorgstenestene mot personar med kognitive, intellektuelle eller andre psykososiale funksjonsnedsetjingar. Senterpartiet er ikkje einig med dei partia som meiner at desse tolkingsuttalane skal eller bør trekkjast. Vi støttar heller ikkje forslaget om det i innstillinga frå Miljøpartiet Dei Grøne. Det er gjort greie for i merknader frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet på side 5 i innstillinga, der det òg vert vist til ekspertutvalet som har greia ut inkorporering av CRPD. Dei meinte at Noregs tolkingserklæringar byggjer på ei forsvarleg tolking av konvensjonen, og at det ikkje var nokon grunn til at dei skulle trekkjast. Viss vi gjorde det, ville det bety ei heilt anna lovregulering i Noreg knytt til tvangsreglementet rundt det å kunna sikra liv og helse. Eg er veldig glad i dag og veldig glad for at Senterpartiet kan vera med og støtta CRPD inn i menneskerettslovgivinga. Takk til alle som har stått på i årevis for å få dette til!
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
