Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. des 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 9. desember 2025 kl. 10

Innlegget

VTA-plassar er viktig for å gi like moglegheiter for arbeid til alle, og gjennom VTA opplever veldig mange personar meistring og tilhøyrsle og tilgang til arbeidslivet. I 2019 fremma Senterpartiet eit Dokument 8-forslag om ein nasjonal opptrappingsplan for VTA-plassar, der vi føreslo at vi skulle få ei nasjonal oversikt over behovet for VTA-plassar, og leggja ho til grunn for ein opptrappingsplan som den gongen ikkje var vedtatt. Vi fremma forslag om ein saumlaus overgang frå vidaregåande skule for unge som hadde behov for det, og vi meinte at tildelinga av plassar måtte skje etter det reelle behovet i dei ulike fylka. I 2019 stemte Høgre imot forslaget om ein saumlaus overgang frå vidaregåande skule, og eg merkar meg at forslagsstillarane som i dag står bak forslaget – i arbeidsmarknadsmeldinga òg – stemde imot forslaget om å ha nok VTA-plassar, slik at vi kan gi ungdom ein saumlaus overgang til ein VTA-plass når dei har behov for det. Eg synest det er litt spesielt at ein er meir opptatt av at dei som har ein VTA-plass, skal ha han til dei er over 67 år, enn av at vi skal hindra at ungdom som er ferdige med vidaregåande og ikkje har noko anna tilbod, sit og ventar i årevis. Eg har sjølv møtt ein som sat i to år på rommet og venta på ein VTA-plass, så det tenkjer iallfall eg er viktigare. Vi skal ikkje setja grupper opp mot kvarandre, men det er ein realitet at det i dag er for få VTA-plassar til dei som treng det, og da tenkjer vi i Senterpartiet at det er aller viktigast å sikra det som vi faktisk allereie har vedtatt, at vi sikrar ein saumlaus overgang for dei unge – som eg òg spurde statsråden om i replikken. Det er iallfall ein realitet at vi må sikra det aller først. Så skal Senterpartiet vera med på forslaget frå Arbeidarpartiet om å greia ut dette og at ein kjem tilbake til saka på eigna måte. Til slutt: Det har vorte sagt fleire gonger at alle høyringsinstansane var for forslaget. Men eg les at Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon tilrår at dette bør greiast ut vidare fordi det er mangel på VTA-plassar i dag, og at det må sjåast i samanheng med opptrappingsplanen for 1 000 nye VTA-plassar i året.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat