Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
La oss begynna heilt utan omskrivingar: Statsbudsjettet for 2026 gjev ikkje den tryggleiken folk treng. Kommunane får litt meir pengar, men utgiftene veks raskare. Løn, drift og helse kostar meir enn før, og då er ikkje dette ei styrking, det er ei innstramming, uansett kva ord ein brukar. Dette er ikkje noko me finn på her i salen. KS, Kommunesektorens organisasjon, seier det tydeleg. Kommunane seier det same. Og folk kjem til å merka det. Over heile landet ser me at presset i helse og omsorg aukar. Det er fleire eldre, fleire med samansette behov og for få folk på jobb. Samtidig blir handlingsrommet lokalt mindre. Dette budsjettet gjev kommunane i Vestfold mindre handlingsrom enn utfordringane i helse og omsorg krev, og det slår rett inn i kvardagen – i Horten og i heile resten av landet. Det betyr lengre ventetid, mindre tid per pasient, og tilsette som må springa fortare dag etter dag. Når systemet ikkje strekkjer til, blir ansvaret skyvd nedover, og til slutt hamnar det hos familiane – pårørande som i praksis blir ein del av helsetenesta, utan løn, utan avlasting og utan tryggleik. Dette statsbudsjettet møter ikkje utfordringane kommunane står i. Det løyser ikkje problema i helse og omsorg. Det flyttar dei – frå staten og ned til kommunane, tenestene og heimane til folk. Folk i landet, i Vestfold, i Horten og i andre kommunar, bryr seg ikkje om korleis budsjettet blir forklart her i salen. Dei bryr seg om hjelpa kjem når dei treng ho. Akkurat no gjev dette statsbudsjettet for lite tryggleik der tryggleiken betyr mest.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
