Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Helse- og omsorgsdepartementet (rammeområde 15) (Innst. 11 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

Innlegget

Takk for spørsmålet og for at FrP fokuserer på kommunehelsetenesta og sjukeheimstilbodet. Eg er einig i at det er ei stor bekymring korleis kommunane skal klara å førebu seg for det auka antalet eldre som vil koma dei neste åra. Det viktigaste for Senterpartiet har i den situasjonen vore å få styrkt kommuneøkonomien. Veldig mange kommunar vil kunna klara å investera, men dei vil ikkje klara å drifta, og skal ein klara å få fleire sjukeheimsplassar, er det viktigaste ein god kommuneøkonomi. Det er sjølvsagt òg viktig med investeringstilskot, men kommuneøkonomien har vore vår prioritet – og det er for å skapa gode helsetilbod i alle kommunar over heile landet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat