Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eldreomsorga må òg bestemmast lokalt, og eg er usikker på om det er i dei aller minste distriktskommunane det er størst mangel på sjukeheimsplassar. Dette veit eg ikkje nok om. Eg er bekymra for ventelistene til ein sjukeheimsplass i dei store byane, så eg veit ikkje om vi kan setja eit sånt distriktskilje akkurat for denne utfordringa. Det er òg litt ulikt kor mange sjukeheimsplassar ein skal ha per person over 80 år i dei ulike kommunane, og dette må ein kunna tilpassa lokalt. Eg oppfattar at kommunepolitikarar er opptatt av eldreomsorga og ønskjer å løysa dette, og da er rammene dei får frå staten, avgjerande. Vi er opptatt av kommuneøkonomi, men vi er òg opptatt av investeringstilskotet. Vi har likevel ikkje auka det på same måten som FrP.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat