Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Når eg les det alternative budsjettet til Framstegspartiet, viser dei til ein SIFO-rapport om at halvparten av alle aleineforsørgjarar slit med å gi barna nok og sunn mat. Dei viser òg til Frelsesarmeens fattigdomsbarometer, som seier at éin av fire låginntektshusstandar har måtta hoppa over måltid. Representanten Limi uttalte at berre utgiftene til mat og drikke for ein familie med to vaksne og to barn har auka med 30 pst. sidan 2021. Når eg les budsjettet, har FrP gjort fleire kutt, men det er eitt kutt eg stussar over og synest er litt, viss eg kan seia det, småleg, og det er kuttet på 20 mill. kr i frukt og grønt til barn i skulen – ikkje gratis frukt og grønt, men den abonnementsordninga der ein får subsidiert frukt og grønt. Kan representanten forklara kvifor FrP har eit slikt kutt i budsjettet sitt?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat