Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil takka for debatten, og eg vil òg seia noko eg gløymde å seia i innleiingsinnlegget mitt. Komiteen har gjort eit godt arbeid med innstillinga, for vi fekk veldig lita tid på å laga ho – det var i løpet av ei helg. Ein del av merknadane kunne nok fått eit fleirtal viss vi hadde hatt litt betre tid til å gå gjennom dei. Det er ein del merknadar frå andre parti utanom partia som har samarbeidd, som er gode merknader vi ikkje nødvendigvis er imot – heller tvert om – berre sånn at det òg er sagt. Når det gjeld dei lause forslaga, går vi ikkje inn i dei, ut frå den vurderinga vi har gjort, sjølv om det òg er forslag der som har gode intensjonar vi sånn sett ikkje er imot. Vi tar det med oss i jobben vidare. For Senterpartiet sin del vil det framover no vera viktig med den saka om å få til ei ny finansiering og ny organisering av sjukehusa. Når det gjeld debatten i dag, skal eg ikkje seia så veldig mykje utanom at det er litt artig å høyra på retorikken. Vi partia som har meir hastverk på den saka om helseføretak og finansiering, vert åtvara mot hastverk og bedne om å pusta med magen, men når Senterpartiet er imot nettlegeordninga, ser vi bakover og er ikkje villige til å endra. Sånn er det i politiske debattar. Eg synest òg at vi i debattar som denne ikkje bør omtala budsjettforslag som absurde eller bløff, eller seia at nokon ikkje har følgt med i timen – viss eg kan få vera litt tante Sofie, når det ikkje har vorte tatt av presidentskapet. Elles vil eg seia at det har vore ein veldig interessant debatt med veldig mange gode innlegg. Dette er jo den fyrste budsjettdebatten til denne helse- og omsorgskomiteen, som er ein veldig aktiv komité – det viser òg talarlista. No er eg saksordførar og har eigentleg uendeleg med innlegg, men det skal eg ikkje ta. Eg vil berre takka for debatten.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
