Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. des 2025

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10
Innlegget
Det viktigaste vi kan gjere for helsetenesta, handlar om dei tre t-ane: tillit, tryggleik og tid. Vi bør gje tryggleik for dei som jobbar i helsetenesta. Eg kjenner sjølv på det når eg jobbar der – og det gjorde eg sist i november – den litle utryggleiken som heile tida er i kvardagen, for om vi har gjort nok, om vi har sjekka nok, og om vi har dokumentert godt nok. Vi må gje tillit til dei fantastisk dyktige fagfolka som kan jobben sin, veit kva som trengst, og brenn for å gje gode helsetenester til befolkninga vår. Vi må gje tid til å vere hos pasienten og til å gjere jobben for pasientane våre. Det er mange hindringar for dette. Det er tungvinte journalsystem, tungvinte rutinar, mykje kontroll og rapportering oppover og ei lang rekkje ting som er stein i skoen for dei som har skoen på. Difor må vi sjå kva vi kan gjere med dette gjennom betre leiing, gjennom mindre styring og pålegg frå Stortinget og i det heile gjennom å forenkle kvardagen. Då treng vi leiarar som er tett på, som er nede i avdelinga, anten ein er direktør eller mellomleiar, og som skjøner kva det går i, sånn at ein kan gjere dei riktige tiltaka. I dette budsjettet er det heldigvis mykje å glede seg over, sjølv om vi sjølvsagt gjerne skulle nådd lenger. Vi er glade for at vi fekk på plass midlar til Amathea, og for at vi kan vidareføre eigenandelstaket med same kronebeløp, slik at det reelt sett gjev meir igjen i kassa for dei som har helseproblem og dårleg råd. Ikkje minst er vi i Miljøpartiet Dei Grøne glade for at vi klarer å satse meir på psykiatri og rusomsorg gjennom eit styrkt aktivitetstilbod for rusmiddelavhengige og fleire døgnplassar i psykiatrien. Så er eg spesielt glad for at vi jobbar vidare med betre kvalitet til lokalsjukehusa. Vi fekk gjennom eit tilbod for Sogn og Fjordane, der vi skal ha eit minst like godt tilbod i lokalsjukehusa våre, for dei er sjølve grunnmuren i helsetenestene. Dette har vi god dialog med helseministeren om, og eg er sikker på at vi skal få til mykje bra i året som kjem. Eg er oppteken av at vi verkeleg tek tak i det som trengst, nemleg å få på plass effektive personalsystem – ikkje berre brukbare personalsystem, slik det er i dag – og at vi kan ta kloke val i helsetenesta, slik at vi bruker ressursane på dei som treng dei mest, ikkje på unødvendige utgreiingar og rapportar. Som sagt må vi ha leiarane ned i avdelingane. Den enorme rapporteringa oppover og konsentrasjonen om ein masse møte og alt som ikkje genererer gode helsetenester, må vi gjere noko med. Vi må fjerne steinen i skoen til dei som har han på. Igjen: Det viktigaste vi driv med, er å leggje til rette for at dei fantastiske fagfolka gjer den jobben dei kan, og gje dei tid, tryggleik og tillit.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat