Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Det er altså opp til kommunane korleis dei ønskjer å prioritere, det meiner vi er riktig. Uansett korleis andre representantar reknar på dette, er det totalt sett meir midlar ein kan velje å bruke. Så er det eit opent spørsmål kvar midlane blir brukte best, og det trur vi faktisk at kommunane er langt betre stilte til å ta stilling til, enn vi representantane her på Stortinget. Den tilliten har vi – lokaldemokrati er viktig. Ja, det er vanskelege prioriteringar, men det er også sånn at dei veit best kvar skoen trykkjer, som har han på, og det er neppe oss som er inne på Stortinget – det er dei som er ute i kommunane, som skal yte tenestene, og som skal skape eit best mogleg velferdstilbod for innbyggjarane.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat