Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 15. des 2025

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10
Innlegget
Eg kjem rett frå kommunepolitikken og har sjølv stått i vanskelege prioriteringar. Det er ingen tvil om at det er ein krevjande kommuneøkonomi. Det er krevjande tider vi står i, det er det ingen tvil om. Samtidig aksepterer eg ikkje reknestykket til representanten. Det stemmer berre ikkje med verkelegheita. Sjølvsagt er det framleis ein krevjande kommuneøkonomi, men det betyr ikkje at vi på Stortinget prioriterer betre for kommunane enn dei gjer sjølve. Og det er direkte gale at det er mindre midlar. Ein kan rekne på budsjettpostar, men viss ein berre reknar på nokre enkeltpostar og ikkje ser totaliteten i budsjettet, bommar ein totalt på målet. Det er fullstendig feilslått å lage sine eigne triksereknestykke, og så blir det liksom mindre. Eg har tillit til at kommunane bruker dei auka midlane som dei faktisk får, på ein god måte.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat