Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Sjukehusbudsjetta blir aldri tilstrekkelege. Det er krevjande prioriteringar, og det har alltid vore det. Eg har trass alt jobba i sektoren i 28 år. Dette erfarer vi kvar dag, og det var ikkje noko enklare under førre regjering, for å seie det sånn. Tek ein dei utfordringane vi no har føre oss i betraktning, må vi berre rekne med at det er krevjande tider. Om vi er fornøgde med budsjettet? Ja, totalt sett. Sett i forhold til den situasjonen vi er i, meiner vi at dette er eit bra budsjett, og at det har blitt betre med dei endringane som har vore gjorde, bl.a. styrking av psykisk helse, som vi har vore spesielt opptekne av. Når det gjeld vårt eige fylke, har vi ein tett dialog og skal sørgje for at dei tenestene som blir ytte ved lokalsjukehusa, er minst like gode framover – ja, gjerne betre.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat