Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 15. des 2025

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10
Innlegget
Det er aldri hyggjeleg å leggje ned pasienttilbod – openbert ikkje. Samtidig er det å prioritere på best mogleg måte noko vi heile tida må gjere. Det betyr at det å stå heilt stille og ikkje gjere endringar er det absolutt verste vi kan gjere, for det går også ut over noko. Vi må heile tida tenkje nytt. Vi må prioritere på nytt. Då hender det av og til at nokre tilbod må reduserast eller takast bort for at vi skal få bygd opp det som er endå viktigare å ha. Som sagt, dei som har begge beina planta på jorda, står stille. Vi kan ikkje fortsetje å stå heilt stille i helsevesenet i panisk redsel for at noko blir endra. Vi må utvikle oss, vi må skape nye tilbod framfor å verne om dei minst berekraftige tilboda vi har.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat