Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. des 2025

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Det hadde nesten vore freistande å be Riksrevisjonen sjå på FrPs alternative budsjett, for viss me ser på side 36 i FrPs alternative budsjett, har dei ei ABE-reform på 1,5 pst. Dei ønskjer kutt jamt over, flatt, overalt, bortsett frå på sjukehus, bortsett frå på operative politistyrkar og bortsett frå på Forsvaret. Dei skjermar jo ikkje Riksrevisjonen i sitt alternative budsjett, i alle fall ikkje slik eg les det. Så her kunne det vore kjekt om komitéleiaren kunne gjera greie for kva som faktisk er tilfellet, om me skal lesa budsjettet slik me les det, ord for ord, eller kva som eigentleg er FrPs alternative budsjett når det gjeld ABE-reforma. Her oppfattar eg nesten at dei talar med to tunger. Høgre står for ABE-reforma. Me meiner det er rikeleg rom for ei ABE-reform i offentleg sektor. Det betyr sjølvsagt ikkje at me skal gå på akkord med det som Riksrevisjonen skal utføra av revisjon. Det handlar om å ta i bruk IT-verktøy, det handlar om å ta i bruk AI, det handlar om å ta i bruk ny teknologi, nye arbeidsformer, osv. Det handlar ikkje om å skalera ned revisjonen deira i det heile – tvert imot. Det me heller ønskjer å fokusera litt på, er dette med at Noregs institusjon for menneskerettar skal oppbemannast, og at ein ønskjer å ha meir ressursar. Me har hatt møte med dei, og eg opplever at Noregs institusjon for menneskerettar har godt med ressursar. Dei tilbyr Stortinget og enkeltrepresentantar rettleiing, dei tilbyr fraksjonar rettleiing, dei tilbyr heile parti rettleiing, og dei tilbyr heile komitear rettleiing i menneskerettar. Dei er godt bemanna og har gode ressursar i Noregs institusjon for menneskerettar, så me i Høgre ønskjer berre å vidareføra flatt det budsjettet som dei hadde, trass i at dei har fått eit par nye oppgåver. Eg er for så vidt heilt einig med komitéleiaren når det gjeld det me erfarte her for eit par dagar sidan, før helga, nemleg at PST ikkje er i stand til å gjennomføra oppdraget sitt, mandatet sitt, at det er masse arbeid som ligg brakk fordi dei ikkje har dei ressursane dei treng. Det er svært, svært kritikkverdig. Når me attpåtil erfarer og les i avisene at menneskerettar vert brukte som ei form for beskyttelse her i Noreg for utanlandske kriminelle, er det sjølvsagt ikkje bra – når PST i tillegg ikkje er i stand til å gjennomføra oppdraget sitt på ein god nok måte. Me i Høgre står for budsjettet vårt, både ABE-reforma og kuttet til NIM, som me ikkje ønskjer å prioritera opp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat