Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Når me ser på inntektssystemet, ser me at det er designa på ein sånn måte at folk skal bu i éin kommune, leva livet sitt i den kommunen og få tenester frå den kommunen. Så veit me at ting forandrar seg: Folk har vorte meir mobile – sjølv etter korona er folk meir mobile og brukar meir tid i hyttekommunen sin. Me veit at folk jobbar i andre kommunar – i mitt valdistrikt er Stord ein sterk verftskommune med Aker Solutions, og det er fleire tusen arbeidarar som kjem til kommunen utan å betala skatt, men som skal vera ein del av samfunnet og få tenester frå kommunen. Forsvarskommunane har òg sagt litt av det same: Dei har veldig mange innbyggjarar som jobbar der og skal ha tenester der, men som ikkje skattar til kommunen. Mitt spørsmål er: Er dette noko statsråden ser på – at verda forandrar seg, at folk blir meir mobile, og at inntektssystemet må forandrast og oppdaterast til den verkelege verda kommunane opplever?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
