Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg registrerer at statsråden ikkje ønskjer å ha ein full gjennomgang av inntektssystemet i denne perioden. Eg trur det ville ha vore klokt å sjå på dei endringane som skjer. Det er veldig mange forsvarskommunar – spesielt i nord, i landsdelen til statsråden – som melder tilbake at det er veldig mange som pendlar, og som då ikkje gjev utteljing for kommunen på andre måtar enn at kommunen er nøydd til å levera tenester til dei, og at det lagar skeivskap og vanskar for dei. Eg vil tilrå statsråden å vurdera å gjera endringar når ein ser at mykje forandrar seg. Det med at folk brukar meir tid på hyttene sine fordi dei kan jobba meir heimanfrå, gjer at òg hyttekommunar melder tilbake at dei må levera langt fleire tenester enn dei før måtte gjera. Er det verkeleg sånn at alt er hogd i stein når det handlar om fordeling mellom kommunar, eller er statsråden villig til å sjå på den økonomiske situasjonen til forsvarskommunar, verftskommunar og hyttekommunar på ny?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat