Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er hyggjeleg at statsråden seier at me er einige om å forsvara landet vårt, og at det òg skal skje i nord. Det er me sjølvsagt einige i. Me er òg einige i at dei kommunane som er vertskommunar til forsvar, skal kunna levera tenester til dei folka som jobbar i Forsvaret, og at dei kommunane ikkje skal måtte kutta i tenestene sine, noko me no ser at veldig mange forsvarskommunar må. No samarbeider ikkje partiet til statsråden med mitt parti, så eg skal heller spørja statsråden om han har registrert kva ord dei partia han samarbeider med, har brukt om denne debatten. Eg har høyrt ord som «skammeleg», som «uheldig», og til og med ordet «sorg» har vore brukt. Kva synest statsråden om at dei fire partia som er hans parlamentariske grunnlag, vel å illustrera situasjonen med ord som «skammeleg», «uheldig» og «sorg»?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
