Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
FrP sin plan for Kautokeino, Karasjok, Vadsø og alle andre kommunar i Noreg er at kommunane skal få lov til å vera ja-kommunar og tiltrekkja seg privat næringsliv. Det må ikkje vera sånn at ein berre ser på statlege arbeidsplassar og arbeidsplassar i kommunen og i Sametinget som viktige. Me ser det sånn at eit næringsliv som produserer noko, som bidreg til statsbudsjettet – og ikkje berre får frå statsbudsjettet – vil vera ein styrke. Difor vil me utstyra kommunane med ja-stempel og la dei få lov til å seia ja i saker om plan- og bygningslova, sånn at dei kan etablera private arbeidsplassar, for det er det som vil vera bra for Vadsø, Kautokeino, Karasjok og alle kommunane i Noreg. Så vil me at dei skal få behalda litt meir av den verdiskapinga dei legg til rette for. Eit viktig element i den politikken er at retten til motsegn skal reduserast, både for Statsforvaltaren og for Sametinget, sånn at det ikkje skal vera nokon som skal hindra lokaldemokratiet i å skapa dei arbeidsplassane. Dette er, på eitt minutt, Framstegspartiet sin plan for alle kommunane i Noreg – å skapa meir verdiar og arbeidsplassar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
