Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

No skal ikkje eg gje meg inn på kva ordbruk dei andre ville hatt, men eg trur kanskje ein ville sagt at det var ei historisk satsing på vegbygging, ei historisk satsing på å byggja landet, ei historisk satsing på å styrkja tenestene i sjukehus, kommunar, eldreomsorg og skular. Så trur eg ein ville sagt at det endeleg var eit budsjett som stoppa sløsinga og la til rette for at ein skulle ha verdiskaping. Ein kunne brukt ord som strålande budsjettforslag, fantastisk budsjettforslag, eit godt budsjettforslag. Representanten kan sikkert velja mange andre gode adjektiv om Framstegspartiet sitt forslag. Eg registrerer at valet i haust utstyrte Framstegspartiet med ei rekordstor gruppe, nettopp fordi mange veljarar i Noreg synest at den politikken er riktig, og heiar på at ein skal ha meir vegbygging og lågare skattar og avgifter. Dessverre heldt det ikkje heilt inn. Me ser no resultatet frå dei fem partia som samarbeidde, og orda som blir brukte om forliket deira, er nokre heilt andre enn dei eg trur ein ville brukt om vårt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat